mandag 30. juni 2008


Søndagsandakten i avisen Dagen 28.06.08
Av Linda Austnes, husmor.

Tviler du?
Apostelgj. 5, 29-42

Er du ein av dei som tviler? Ein av dei som lurer på om Gud verkeleg har kontrollen og om Jesus verkeleg lever? Når ein ser verda sitt hav rundt seg med bølger av hovmod, vondskap og arrogant gudsfornekting, ja, så kan ein lett tvile. Korleis kan Gud tillate det alt? Er det ikkje på tide å sette ein stoppar?
Det er kanskje mange som har tenkt slik, til alle tider. Asaf i Salme73 undra seg også, og var nær ved å gje opp, inntil han gjekk inn i heilagdommen. Då skjøna han korleis det går dei til slutt. Det er det vi andre tvilarar må gjere også; gå inn i heilagdommen, Bibelen, og finne ankerfeste.
Forteljinga i apostelgjerningane fem er av det mest trusstyrkande eg les. Her møter vi Peter, han som hadde svikta så totalt då menneskefrykta overmanna han. No står han der som eit nytt menneske, ja, bokstaveleg talt som den klippen Jesus sa han skulle verte. Han var nyleg slept ut av fengselet av ein engel, ikkje akkurat kvardagskost det heller, og vitna frimodig at ein skal lyde Gud meir enn menneske, og at denne Gud hadde lyft opp den mannen dei haddde korsfesta og gjort han til hovding og frelsar. Og Rådet vart rasande! Slikt kunne dei ikkje finne seg i å høyre på! Ikkje hadde det vore til hjelp å kaste dei i fengsel heller, dei måtte rett og slett rydde dei av vegen. Nærmast mafiatilstander!Då er det at den høgt akta og kloke Gamaliel reiser seg og tar ordet: «Om det desse tek seg føre, berre er menneskeverk, vert det ingenting av det. Men er det av Gud, kan de ikkje stogga dei. Ta dykk i vare! Elles kunne det syna seg at de strider mot Gud.»
Det skjedde for to tusen år sidan. Klarte dei å stoppe dei? Kvifor ikkje? Kva hadde gjort dei elleve, redde, sviktande menn til slike trygge, frimodige kristne? Kunne dei vere villige til å verte piska, sete i fengsel, ja, til og med ofre livet for ei oppspinna historie? Hadde det ikkje vore betre å hugse Jesus som ein god venn og leve vidare utan å plage andre med slikt dei ikkje ville høyre? Kva var det som fekk dei til å utsette seg for denne hetsen? Det står endåtil at dei gjekk derifrå glade fordi dei var haldne verdige til å lida vanære for Jesu namn skuld. Hadde det rabla heilt for dei?Eller hadde dei møtt den oppståtte Jesus?
Det var ikkje det at dei hadde gjort noko gale som gjorde Rådet rasande. Tvert imot. Dei hadde lækt sjuke og plaga i slike mengder at dei la sjuke ut i gatene for at i det minste skuggen av Peter kunne falle på dei! Problemet var berre at dei hevda at Jesus var Messias, verda sin Frelser. Og det har verda aldri likt å høyre. Ikkje i dag heller. At han er ein hjelper for somme, kan vel godtakast, men verda sin Frelsar blir for sterkt. Verda har nemleg ikkje sett at den treng nokon frelser. Ingen hovmodig har bruk for hjelp eller frelse. Gud står dessutan dei hovmodige imot, det er dei audmjuke han gir frelse. Audmjuke innfor Gud.Eg er svært takknemleg for at læresveinane ikkje lot seg skremme til tausheit. At dei heldt fast på at ein skal lyde Gud meir enn menneske, at dei ikkje tilpassa budskapet til det som folket ville ha, men gav dei evangeliet om Jesus, verda sin Frelsar. Av den grunn kan eg i dag leve trygt i trua på at Gud har kontrollen og at Jesus lever.
Ein kan vel slå fast at Gamaliel hadde rett. Var læra av Gud, kunne dei ikkje stoppast.«Både i templet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å læra og forkynna den bodskapen at Jesus er Messias.»Det er vårt oppdrag også.LInda AustnesApostelgj. 5,29-42Da svarte Peter og apostlene: En skal lyde Gud mer enn mennesker! Våre fedres Gud oppvakte Jesus, ham som dere drepte ved å henge ham på et tre. Ham har Gud opphøyet ved sin høyre hånd til høvding og frelser, for å gi Israel omvendelse og syndenes forlatelse. Vi er hans vitner om alt dette, og det er også Den hellige ånd, som Gud gav dem som lyder ham. Men da de hørte dette, skar det dem i hjertet, og de rådslo om å slå dem i hjel. Da stod det opp i Rådet en fariseer ved navn Gamaliel, en lovlærer som var høyt aktet av hele folket. Han bød dem å føre mennene ut en liten stund. Og han sa til dem: Israelittiske menn! Se dere vel for hva dere gjør med disse mennesker!For en tid siden stod Teudas fram. Han utgav seg for å være noe. Omkring fire hundre mann slo lag med ham. Men han ble drept, og hele flokken som hadde adlydt ham, ble oppløst og forsvant. Etter ham, i skatteutskrivningens dager, stod Judas fra Galilea fram og forledet folket til å følge seg. Også han omkom, og alle de som adlød ham, ble spredt. Og nå sier jeg dere: Hold dere fra disse menn og la dem være i fred! For er dette råd eller dette verk av mennesker, så vil det gå til grunne. Men er det av Gud, vil dere ikke kunne ødelegge det. Ta dere i vare så dere ikke må finnes i strid mot Gud!De hørte på hans råd. Så kalte de apostlene inn igjen og lot dem hudstryke. De befalte dem at de ikke skulle tale i Jesu navn, og så lot de dem gå. De gikk da bort fra Rådet, glade over at de var aktet verdige til å bli vanæret for Navnets skyld. Uten opphold fortsatte de med å lære hver dag i templet og hjemme, og å forkynne evangeliet om at Jesus er Messias.
Det er vårt oppdrag også.

Ingen kommentarer: