tirsdag 6. mai 2014

Glimrande bok om bibelsyn og evolusjon

Bokanmeldelse av Johannes Kleppa i avisen Dagen 5. mai 2014

av boken "Skapelse og/eller evolusjon  -  hva sier Bibelen?"  av Andreas Årikstad, Jogeir Lianes og Johan Samuel Årikstad-Nielsen.


Det er imponeranda kva dei tre unge forfattarane har sett seg inn i, den argumentasjonen dei fører og den bibelforpliktinga dei viser.

I det siste har det kome fleire bøker frå kristent hald om skaping og evolusjon, tru og vitskap eller der slike element er del av ein større samanheng.

Eg har lese fleire av desse, og eg synest særlig det som er teologisk basert, har ein tendens til ikkje å ta evolusjonslæra fullt på alvor etter sin karakter.  Det vert helst ei evolusjonstenking som er tilpassa ei kristen skapingstenking, altså at Gud styrer utviklinga på eit eller anna vis.

Problemet er at det er ikkje ein slik evolusjonsteori som dannar premissane for darwinismen, og som er en utviklingslæra som barna lærer i skulen og som dominerer i media.  Den genuine evolusjonslæra er basert på det tilfeldige og på den sterkasta sin rett, ikkje på Gud.  Ho er som vitskapsteori eit ateistisk alternativ til all skapingslære, i vår samanheng til kristen skapingstru.

Historisk påliteleg

Denne boka tek både evolusjonslæra og skapingslæra på alvor, som ho tek naturvitskapen og bibelsynet på alvor.  Dessutan er ho lett skriva og godt pedagogisk tilrettelagt.  Framstillinga er basert på eit bibelsyn som seier at alt i Bibelen er Guds ord og fullt truverdig.  Det inneber også at Bibelen er historisk påliteleg og talar sant om det som vert sagt som har naturvitskaplege implikasjonar.

Dette gjer at urhistoria vert forstått som sann historie, og at skapingsforteljinga fortel korleis skapinga faktisk skjedde.  Forfattarane argumenterer sterkt for skaping på seks dagar a 24 timar og ei ung jord, altså at jorda er omtrent 6000 år gamal, slik vi kan rekna oss til ut fra slektstavlene.

Forfattarane gjer tydeleg og frimodig greie for sin eigen ståstad, for sin vurdering og for sine konklusjonar.  Dei gjer samstundes greie for dei premissane som ligg til grunn for og den argumentasjonen som vert før for evolusjonslæra, både naturvitskapleg og filosofisk.  Eg synes dei kjem godt ut av dette, og at der har  eingod kombinsjon av å vera saklege og offensive.

Naturvitskaplege premissar

Forfattarena fører ein tosidig argumentasjon mot evolusjonslæra.  Ut fra sin ståstad og i tillit til Guds ord, også i det som vert lært om skapinga, går dei i rette med ei filosofisk og ateistisk basert evolusjonstenking.  Dei påviser her også dei kollisjonane som ideologisk sett ligg mellom kristen skapingslære og ateistisk (eller agnostisk) basert evolusjonstenking.

I tillegg går dei mot evolusjonslæra på hennar naturvitskaplege premissar, i det dei viser kor umogeleg eller usannsynleg denne læra er ut fra dei naturvitskaplege fakta.  Desse stemmer mykje betre med det Bibelen lærar om skapinga og syndefloda.

Strekk ikkje alltid til

På den andre sida er forfattarane på ingen måte blinde for dei problema som logisk og fornuftsmessig ligg i den bibelske skapingslæra, og i naturvitskapleg kunnskap opp mot denne.  Her går dei konkret til verks og tek opp stort og smått som det vert stilt spørsmål om og ved.  Til tiden gjev dei gode svar, og andre gonger skisser dei ulike løysingar utan å konkludera med ein fasit.  Det er ikkje alt Gud har openberra for oss, og det er ikkje alltid vår kunnskap strekk til. Poenget er å visa at det er mogelege løysingar på det meste.

Ung jord

Det er imponeranda kva dei tre unge forfattarane har sett seg inn i, den argumentasjonen dei fører og den bibelforpliktinga dei viser.  Sjølv fylgjer eg dei i det aller meste.  Rett nok er eg noko usikker på om det er rett og nødvendig å vera så absolutt i spørsmålet om ei ung jord.  Det kan vera at starten av skapingsforteljinga og slektstavlene sin karakter kan opna for ei noko lengre perspektiv.  Derimot er det avgjeranda viktig å halda fast på det absolutte i skapinga og det historiske i urhistoria, det viser NT og sjølve frelsesverket.

Ikkje Lunde eller Luther

Det undrar meg at boka ikkje er komen ut på Lunde eller Luther, men på Hermon - sjølv om Hermon fortener honnør for å gje ut denne typen litteratur.  Det er likevel uheldig om det berre vert Hermon som gjev
ut evolusjonskritisk litteratur.  Eg har ikkje føresetnader til å vurdera alle dei naturvitskapelege synspunkta og detaljane i boka, men det overordna synspunkt ut frå eit bibelforplikta bibelsyn og kristen skapingslære er i alle fall påliteleg.  Eg vonar særlig forkynnarar, ungdomsleiarar, lærarar og foreldre vil nytta seg av den bibelfunderte hjelpa dei her får til kristen tenking.